Ekstremsportveko – en gründerhistorie

Ekstremsport blir stadig mer populært både for utøvere og publikum, og vi har spurt daglig leder av Ekstremsportveko på Voss, Sofie Torlei Olsen, om å fortelle oss hvordan utviklingen har vært fra å være en liten lokal event til å bli en internasjonalt anerkjent sportsfestival. 

Ekstremsportveko – vegen frå eit nisjearrangement til verdas største ekstremsportarrangement

Speedride på løno - Vivi Sponland

Det heile starta hausten 1997. Voss Rafting senter og Voss Paragliderklubb planla å arrangere noregs cup sumaren 1998. Dei bestemte seg for å samarbeide og leggje det til same tidsrom, og lage ein festival ut av det. Voss Fallskjermklubb og Kayakklubb hadde ingen bestemte planar, men trong ikkje mykje overtaling før dei også var med. For å få pengar til festivalen inngår dei eit sponsorat med Ringnes/Pepsi Max, og plutseleg hadde dei eit namn: ”Pepsi Max Veko”. Det fyrste året var dei sportslege høgdepunkta noregscup i paragliding og nm i rafting. Med rundt 200 deltakarar var det ein god start, og ingen skulle nok tru at Veko skulle utvikle seg til å verta verdskjent, slik den er i dag.

I år fyljer Ekstremsportveko 16 år. Dei fire sportane har utvida seg til å vere 13, det kjem rundt 1200 utøvarar frå over 30 ulike nasjonar, omlag 15 000 besøkjande, samt i overkant av 100 akkrediterte pressefolk. Korleis kom eit slikt nisjearrangement seg til der me er i dag?

Voss har alltid hatt eit stempel på seg for å vere litt ”crazy”. Lokalfolket her er særs stolt over bygda si, og det har dei all grunn til. Å bryte grenser, få til ting andre ikkje tenkjer er mogleg, leggje ned uendeleg med dugnadstimar, ha trua på seg sjølve, satse stort. Alle desse tinga representerer Voss og korleis oppbygginga av Veko starta. Det var utøvarane sjølve som stod i bresjen for å få arrangementet til. Ekstremsportveko skulle vere av utøvaren, for utøvaren. Dette har seinare vorte ei av våre kjerneverdiar.

Swooping - Øyvind Birkeland

Vegen mot å verta verdas største ekstremsportarrangement har ikkje alltid vert like enkel. Etter to år der utøvarane sjølve stod for gjennomføringa, vart det ansatt ein prosjektleiar i 1999. Året etter kom det inn to nye prosjektleiarar, og veko vert formalisert som Stiftinga Ekstreme Voss, eigd av dei fire stiftelsesklubbane. Dette er også året ”Dagens Video” vert lansert, ei satsing som har vorte verdskjent med spektakulære bileter frå Ekstremsportveko. Veko fortset å vekse, og i 2001 vert det ansatt ein eigen marknadsansvarleg. Ein sponsorkontrakt vert signert med Nike, og for fyrste gong har Veko sitt eige festivaltelt. Sportsprogrammet veks i takt med festivalen, og nye sportar vert implementert. Dette førte til at fleire internasjonale utøvarar besøkjer Veko for fyrste gong, og arrangementet er ein suksess. Det tek gjerne ikkje lang tid mellom suksess og krise.

I 2002 er Ekstremsportveko truga med konkurs. Stiftinga tek grep og anset ein dagleg leiar som skal ha fokus på økonomi og profesjonalitet. Herfrå går det slag i slag. Musikkprogrammet til Veko vert sette auka fokus på, og vert varmt tatt i mot. NRK og andre nasjonale tv-kanalar heng seg på trenden og startar med daglege sendingar. Sponsorane kjem ein etter ein,  og oppskrifta på korleis ein skal få eit ekstremsportarrangement til å fungere er nesten komplett. Fleire prisar vert vunne dei komande åra. Marknadsføringsprisen for beste marknadsføring av Fjordnoreg,  Ildsjelprisen, Sponsorprisen, kommunikasjonsprisen… lista er lang.

Det som byrja som eit intimt lokalarrangement er per dags dato verdas største ekstremsportarrangement. I løpet av ei veke på Voss, samlast utøvarar og besøkjande frå heile verda for å ta del i arrangementet. Forutanom eit fullspekka sportsleg program med internasjonale og nasjonale konkurransar, har Ekstremsportveko også satt fokus på å inkludere alle andre som ynskjer å prøve seg på ekstremsport. Med vår eigen Try It, får deltakarane prøvd seg i heile 8 ulike sportar i trygge omgjevnadar. Me har også eigne aktivitetsdagar for born og unge, og nytt av i år er fokus på dei eldre, der me arrangerer vår eigen ”ekstrem eldrebuss”. Arrangementet har per dags dato to fulltidsansatte samt ein bookingansvarleg som jobbar 20%.

Vår, kajakksplash - Roger Brendhagen

Ekstremsportveko sin visjon er å ”vere verdas beste ikkje-kommersielle ekstremsportarrangement”. Å måle dette er sjølvsagt vanskeleg, men me meiner sjølve at me har kome dit. Vegen framover er langt i frå enkel. Økonomi er framleis ei utfordring, då ein ser at mange ynskjer ein bit av kaka. Veko har vorte stor, og dette krev også at me har ein strategi både med tanke på sponsorar, media, marknadsføring og prosjektleiinga. Me er framleis heilt avhengig av dei frivillige, og set svært stor pris på dei rundt 500 menneskjene som tek seg tid til å jobba for Veko kvart år. Det som likevel er viktigast, er å fortsetje med leiken. Ein skal utfordra seg sjølve og naturkreftene, og utøvaren skal stå i fokus.

Om du ynskjer meir informasjon om Ekstremsportveko, besøk vår heimeside: www.ekstremsportveko.com

Ekstremsportveko vert i år arrangert frå 23 -30 juni. Me gler oss!

Sofie Torlei Olsen

Dagleg leiar for Ekstremsportveko

Advertisements

One thought on “Ekstremsportveko – en gründerhistorie

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s